Fjelldag - september 2014

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Fredag 12. september var heile skulen ute på felles fjelldag. Skuleleiinga stod som arrangør av denne fjelldagen. I den anledning var det sjølvsagt bestilt godt ver. Elevane kunne velje mellom tre ulike turalternativ. 

Alternativ 1 var den lengste turen. Denne turen gjekk til Stegane-Såta-Kringlevasseggja-Slottefjellet-Fossane.

Alternativ 2 gjekk til Stegane og over til Fossevatnet og tilbake til skulen. 

Alternativ 3 var ein alternativ tur for dei som ikkje kunne gjennomføre ein fjelltur. 

20140912 115409 fjelldag1

Bilde frå gjengen som gjekk den lengste turen. Bildet er tatt på Såta. 

 

"Bli kjend tur" 8. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

Forrige veke var 8.trinn på overnattingstur rundt om i kommunen. 8A var på Torheim, 8B i Hjelmelandsdalen og 8C i Hennebygda. Det fine været gjorde dette til ein fin tur, der vi blant anna gjekk på fjelltur, bada, hadde quiz og spelte ulike spel. Elevane vart meir kjende med dei andre i klassa og lærarane. 

IMG 4908

 

IMG 0742

 

Bli kjend tur 030

Kystleir for 10. klassingar - HASTAR

. i kategorien Nyheiter Rådgjevar

Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag i Sogn og Fjordane, OKFH,  vil også i år tilby 10.klassingane i Sogn og Fjordane  jente og guteleir.

Leirane vert skipa til i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Måløy vidaregåande skule og opplæringsfartøyet  «Skulebas».

Leirane i år er lagt til veke 38 for jentene  og 43 for gutane – 12 i kvar gruppe.

Tema er som tidlegare år: «Ungdom møter kystnæringane»  der vi vil vise dei kva arbeidsplassar vi har i fylket innan fiskeri og havbruk og andre maritime

NB - SØKNADSFRIST 1. SEPTEMBER.

Du finn all informasjon du treng her

Kontkat Peder om det er noko de lurer på. Lukke til med søknaden!

 

 

Foreldremøte

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

Det er foreldremøte for 8. trinn tysdag 2. september kl. 19.00  i auditoriet. Saklista til møtet kan du finne her. Vel møtt!

Bli - kjend -tur

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

8. trinn reiser på overnattingstur i veke 35, torsdag til fredag,  for å bli betre kjende med kvarandre. Klassane har ulike reisemål for denne turen:

  • 8a: Torheim
  • 8b: Hjelmelandsdalen
  • 8c: Hennebygda

Elevane har fått med seg skriv heim om turen, men du kan også finne det her. Vi ser fram til nokre fine dagar i lag på tur! 

Velkommen til nytt skuleår

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Lærarane startar skuleåret med kursdag 12. aug

Kursstad: Kinosalen i Operahuset

Tidspunkt: 09.00 - 15.30

 

Planleggingsdagar på EUS: 13. (kl 08.30) og 14. aug

Intern kursdag: 15. aug

Skulestart for elevar måndag 18. august

 

Vi ønskjer alle vel møtt til nytt skuleår.

 

Mvh

Adm. ved EUS

Idrettsdag 2014

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Eit av vårens vakraste eventyr er den årlege idrettsdagen på Eid ungdomsskule, der elevane får nyte det store privilegiet å tilbringe ein heil dag ute i det fri. 

Tradisjonen tru startar dagen med sykling. I år måtte vi legge om den tradisjonsrike ruta rundt Nor, sidan store deler av sykkelløypa er under oppgradering. Dermed valde vi å legge sykkelkonkurransen innom naturperla Leivdalen, så alle elevane som sykla konkurranseritt fekk sjå kor fint og flatt vi kan ha det på Vestlandet. Dei som sykla tur tok fatt vestover mot idylliske Hundeide. 

I konkurranseklassa fekk dei som har eit snev av konkurranseinstinkt lov å utfalde seg. Raskaste syklist rundt løypa var Ruben frå 10B, tett følgd av Matias frå 9C og Matias frå 10B. Elles gjennomførde både konkurransesyklistar og tursyklistar sine respektive rundar med stil. 

Etter ein velfortent matpause var det tid for ulike aktivitetar i området rundt skulen og idrettsparken. Elevane viste stort engasjement på dei ulike postane, og fekk testa ut mellom anna hukommelse, balanse, byggedugleikar, kreativitet, hurtigheit, styrke og presisjon. 

Dessverre vart det rimelig vått etterkvart, men elevane held oppe humøret likevel. Til slutt blei dagen runda av med den årlege styrkeprøven, eit minimotbakkeløp for dei tøffaste! Grunna nedbøren som kom måtte ein og her legge om ruta litt. På 8. trinn var det Emma i 8A og Kevin i 8B som var raskast gjennom løypa, i 9. klasse kneip Terence i 9A og Iselin i 9C sigrane og på 10. trinn sprang Martine i 10A og Jonas i 10B kjappast. I tillegg var det mange som viste kreativ løpsteknikk og kom seg gjennom løypa på ein framifrå måte.

Takk til alle elevane for sporty innsats og godt humør! 

 

Mange bilete frå dagens aktivitetar kan du sjå her i fotoalbumet.