Påmelding til avslutningsfesten på 10. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

10. trinn skal ha avslutningsfest i Operahuset torsdag 21. juni. Elevane har fått med seg invitasjon/påmelding heim, men denne finn de også her.

Frist for påmelding og betaling er måndag 14. mai

9. trinnet sitt årsmøte

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

9. trinn skal ha årsmøtet sitt tysdag 24.04 kl. 19.00. Elevane skal få vise fram, og fortelje om,kva dei har arbeidd med dette året. I tillegg vil politiet snakke om maidagane. Dei føresette vil også få informasjon om læringsplattforma  It's learning. Elevane har fått med seg skiv heim om møtet, men du finn det også her. 

VALFAG 2018-2019

. i kategorien Nyheiter

Elevane får i desse dagar med heim skjema for å velje valfag for komande skuleår. Dei kan velje mellom:

- Fysisk aktivitet og helse
- Internasjonalt samarbeid
- Natur, miljø og friluftsliv
- Programmering
- Sal og scene
- Teknologi i praksis

Lukke til med valet!

FLYTTING AV VINTERTUR!

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Sidan det er meldt relativt vått ver på måndag, flyttar vi vinterturen vår.

Avreise frå skulen tysdag 10. april kl. 09.00, retur onsdag ca. 13.30.

10A får siste info før avreise. Lykke til!

10A klare for tur 640x478

ÅRSMØTE 10. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

10. trinn arrangerer sitt årsmøte onsdag 11. april kl. 19.00.

Invitasjonen finn du her.

Hospitering 9. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Måndag 12. og tysdag 13.mars skal 9. trinn hospitere på vidaregåande skular i Nordfjord. Dei vidaregåande skulane har lagt ut viktig informasjon på sine heimesider. det er derfor viktig at elevane går inn på heimesida til den skulen dei skal på, før hospiteringa. 

Lenke til dei ulike skulane: 

Eid vgs

http://www.eid.vgs.no/hospiteringsdagar-paa-eid-vgs.6095961-367078.html

Firda vgs

http://www.firda.vgs.no/utdanningsval.393225.nn.html

Måløy vgs

http://www.maloy.vgs.no/velkommen-til-utdanningsval-for-9-klassene.6095934-367802.html

Stryn vgs

http://www.stryn.vgs.no/utdanningsval-9-klasse.6090513-367922.html

Busstidene finn du her: 

 

Stad Tur Retur Lærar måndag Lærar tysdag
Sandane 09:25 14:55 Siri K Hege
Stryn 07:40 15:30 Siri D Amalie
Måløy 08:55 14:23 Ståle og Kariann Siri K og Ole Jo

Oversikt lærarar Eid vgs

Tid Måndag Tysdag
8.50 – 09.45 EUS EUS
2.økt Hege,Ole Jo Ståle, Kariann
3.økt Anne, Amalie
4.økt

 

Fleire detaljar kan du finne her.