Valfagveke på Eid ungdomsskule

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Små glimt frå skuledagen med valfag på programmet. Elevane var i aksjon med fysisk aktivitet, internasjonalt samarbeid, natur og miljø, sal og scene og teknologi. Siste gruppa har kortast frist til sluttføring og utfordringane sto i kø før finale i lego league til helga

 Internasjonalt samarbeidKostymelaging 2OrkesterMarkedsfring av legoleagueFilmgjengDansFysisk aktivitet ernring

Evaluering av hospiteringa

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

10. klasse deltok på hospitering på måndag og tysdag. I etterkant av hopsiteringa skal alle elevane i 10. klasse svare på nokre få spørsmål. Lenke til spørsmåla er her:

https://response.questback.com/strynkommune/utdanningsval_h2013/

For å svar på spørmåla, må du ha eit passord. Lærarane på trinnet har fått passordet. Spør ein av lærarane.
Håpar at alle har høve til å bruke nokre minutt på desse spørsmåla på fredag.

peder :)

Gute- og jentedag på 8.trinn

. i kategorien Nyheiter frå 8.trinn

Onsdag 30. oktober hadde elevane på  8.trinn gute- og jentedag. Dette er ein dag der vi fokuserer på sosial kompetanse. Årets første tema var mobbing og elevane skulle igjennom ulike aktivitetar knytt opp mot dette. 

Dagen starta med at alle elevane såg filmen "Bully" - ein sterk og tankevekkande dokumentarfilm om mobbing. Etter filmen delte vi elevflokken i to, der gutane og jentene var kvar for seg. Elevane diskuterte innhaldet i filmen og kom med mange gode refleksjonar rundt denne.

Etter lunsj held jentene fram med ulike oppgåver og aktivitetar som blant anna gjekk ut på å gi positive kommentarar til kvarandre. Gutane på si side skulle stelle istand mat og underhaldning til jentene. Etter ei god økt med innøving av rollespel fekk jentene sjå resultatet på slutten av dagen. I tillegg hadde ein gutegjeng steikt ein solid haug med vaflar som elevane velfortent kunne gnafse i seg etter ein effektiv dag. 

Bilete frå dagen vil bli lagt i fotoalbumet her på sida i løpet av helga.