Matematikkens dag på 10. trinn

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

10. klassingane vert drilla i geometri, einingar, målestokk, funksjonar, tid/klokka, fart og tid. Opplegget for dagen såg spennande ut og no er det opp til elevane å gripe sjansen! Besøkte dei og elevane var i full aktivitet. Kjekt, lykke til med resten av dagen!

IMG 5320

Kokkekamp

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

I veke 6 har elevane på 9. trinn fått boltra seg på kjøkkenet. Dei har laga gode rettar av kylling og grønsaker og spennande dessertar. Målet var at den sjølvvalde retten skulle lagast til så innbydande som mogleg. Elevane let fantasien sleppe til, og laga dei flottaste rettane ein kunne tenkje seg. Maten vart også servert på ein framifrå måte. Sjå bilete i fotoalbumet frå matlaginga. 

IMG 5291

Rollespel - Bukkane Bruse

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Elevane på valfag - internasjonalt samarbeid er klare for rollespelet Bukkane Bruse på engelsk. Gode kostymer og kreativitet i kvardagen...

Rollespel 290114

Kok i hop

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

IMG 5255

 

I veke 4 hadde elevane på 9. trinn besøk frå linja Restaurant og matfag i Måløy. Elevane frå den vidaregåande skulen var lærarar for 9. trinn, som fekk prøve seg på mange spennande rettar. "Kok i hop" er ei fylkeskommunal satsing for å informere om linja Restaurant og matfag i ungdomsskulen. Elevane på 9. trinn  fekk ein heil dag der dei kunne boltre seg på kjøkkenet. Dei fekk lage spennande rettar som Måløyburgar, lefser, ravioli, cookies med meir. I tillegg dekka dei eit fantasktisk festbord! Takk til Måløy vidaregåande skule  for eit strålande opplegg. Du finn bilete frå matlaginga i fotoalbumet. 

Skulen ber om dine råd til å utvikle uteområdet omkring skulen

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Eid ungdomsskule er godt igang med å utvikle uteområdet på skulen til eit meir aktivt skuleområde til bruk for elevane våre. No er nettopp ballbingen realisert og vi held fram med vidare utvikling for meir bruk av uteområdet. Administrasjonen ynskjer innspel frå elevane på kva type utstyr de ynskjer å ta i bruk. Derfor legg vi ut nokre bilde frå ulike typar som vi har tenkt kan vere av interesse for bruk i friminutta og i undervisninga.

1 Leikeapparat liknande denne varianten

Leikeapparat

2 Fuglereir dissestativ der fleire ungdomar kan bruke ei og same disse samstundes

Fuglereir disse

3 Klatrevegg

4 Andre innspel til aktuelle leikeapparat til bruk for ungdomar i Eid mottek vi med takk!

Fint om de kan bruke litt tid i klassa og kome med tilbakemelding og råd til vidare arbeid for gledeleg utvikling av skulen vår!

Arbeidslivsfag 10 trinn.

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Elevane i arbeidslivsfag på 10. trinn er komne godt i gang med dei individuelle prosjekta sine. Der er mange ulike prosjekt, frå radiobilbygging, tømmerlafting, klesdesign, til fotoredigering og matlaging. Sjå fotoalbum for fleire bilete:

IMG 3066

IMG 3065

IMG 3067

Alternativ vinteraktivitet

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Snøen let vente på seg, så då får ein finne på andre aktivitetar.

9. klassingane brukte musikktimen fredag til å finpusse på gammaldansen sin; ikkje ofte ein kan danse ute i januar! 

022 redusert

Jente- og gutedag 9. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Fredag 10. januar hadde vi jente- og gutedag på 9. trinn. Temaet for dagen var mobbing, og elevane fekk reflektere rundt dette på ulike måtar.

Vi starta dagen med å sjå filmen Bully, ein dokumentar som gjorde sterkt inntrykk. Deretter vart elevane delte i reine jente- og gutegrupper, og vi hadde diskusjonar og rollespel. Dette var fine økter, der elevane kom med mange gode tankar og idear om mobbing og korleis ein kan hindre at dette skjer.

Siste økta møttest jenter og gutar igjen, og vi avslutta dagen med ein aktivitet som vi ser på som både sosial og inkluderande; nemleg dans. Elevane fekk lære både polka og reinlender; og det var ingenting å seie på innsatsen! 

Både elevar og lærarar hadde ein flott dag, med ei fin blanding av alvor og moro! 

218 redusert

VGS - Informasjon om opplæringstilbod og søknad.

. i kategorien Nyheiter Rådgjevar

Opplæringstilbodet for skuleåret 2014–2015 er no klart
Hovudutvalet for opplæring har vedteke kva opplæringstilbod som skal lysast ut for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane neste skuleår. Vi har samla opplæringstilbodet og viktig informasjon knytt til dette i ein eigen brosjyre.

Søknadsfristen for ordinær søknad til opplæring i skule og bedrift er 1. mars. Søknadar om spesialundervisning har frist 1. februar.
 
Lenke til brosjyra finn du og i rådgjevarmenyen til venstre.

Juleferie 2013

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Eid ungdomsskule ynskjer elevar, føresette og tilsette ei god jul og eit godt nyttår! Vel møtte til ny skuledag fredag 3. januar og planlegging for tilsette 2. januar.

Vi ynskjer å takke for god innsats i halvåret som er tilbakelagt og gjer det med bilde frå Fjordabladet si julestjerne 2013 for godt arbeid av elevar og lærarar ved skulen. Tusen takk til den gode lokalavisa vår også!

IMG 5234