Kjekk stund på kjøkkenet

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Etterlengta økt på kjøkkenet for denne gjengen! Kake frå Somalia, fruktsalat á la Syria og «norsk» sjokoladekake – blide, flinke folk og velsmakande matJ

IMG 0262 640x480

IMG 0265 640x480

IMG 0268 640x480

Foreldremøte nye 8. klassingar

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Vel møtt til foreldremøte 31. mai kl. 19.00! Skrivet finn du her

Igår vart vi gjort kjende med at dette foreldremøtet kolliderar med danseshowet til kulturskulen i Eid. Eid ungdomsskule flyttar dermed foreldremøte til den 31. mai kl. 19.00. Vel møtt!

Avslutningsfest 10.trinn

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Tida går fort no på våren, og påmelding til avslutningsfesten for 10. trinn nærmar seg med stormskritt. Elevane har fått med seg skriv heim om saka, men du finn også skrivet her. 

Årbok

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Vi jobbar med årboka på skulen og minner om at elevane må bestille denne. Dersom ein ikkje har koden sin, kan ein ta kontakt med: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. . Dette er ei flott minnebok frå skuletida. 

10.trinn sitt årsmøte

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Torsdag 20.april har 10. trinn sitt årsmøte der elevane vil vise fram og snakke om det dei har gjort i løpet av året. lensmann Hvattum vil også ha eit inlegg om utfordringar i ungdomstida. Møtet startar kl. 19.00. Elevane har fått med seg heim eit skriv om saka, men du finn det også her.

Vel møtt! 

God påske!

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Vi ynskjer alle ei riktig god påske! Minner om at 18. april er den 5. elevfrie dagen dette skuleåret. Fyrste arbeidsdag etter påske vert 18. april for tilsette. Elevane har sin fyrste skuledag den 19. april.

Vel møtt!

Matematikkdag 9. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

Fredag hadde 9. trinn matematikkdag halve dagen. Elevane fekk prøve seg på ulike praktiske problemstillingar og konkurransar. Ei fin oppladning til påskeferien! :) 
IMG 20170407 134632