MÅNDAG 19. SEPT. ELEVFRI DAG

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Måndag den 19. september 2016 er det elevfri dag ved Eid ungdomsskule. Lærarane har intern planleggingsdag.

Timar til valfag etter kl. 14.30

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Det er framleis slik at valfag har 19 timar som skal plasserast etter kl. 14.30, og det er forskjellig frå valfag til valfga kvar desse timane ligg. Skulen sender heim skriv om dette, men du kan også sjekke det HER.

Referat frå foreldremøtet 10.trinn

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

10.trinn hadde foreldremøte torsdag 1.september. Det var godt oppmøte og stort engasjement på diskusjonane på klasseromma. Referat frå sakene som det vart informert om, finn du her. 

VALFAG

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Torsdag 8. september kl.11.55 startar vi opp med valfag ved skulen dette skuleåret. Vi vil då ha 8 torsdagar framover der vi skal ha valfag etter lunsj, altså i 3. og 4. økta. Torsdag 3. november blir siste dagen med valfag før jul. Etter jul blir det valfag i veke 6 og 7, og då som halve og heile dagar.

Trygghet og medieglede i regi av Barnevakten

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Invitasjon til felles temakveld for føresette

til elevar på SKULANE I EID

Stad: Operahuset

Tidspunkt: 15.september kl. 19.00 – 20.30   

 

Håpar flest mogleg føresette i Eid set av denne kvelden til det beste for barn og unge i Eid kommune.   

 

Årets musikal igang ..

. i kategorien Generelle nyheiter frå skulen.

Sjefane for årets musikal er godt igang med gjennomføring av audition idag. Mange spente elevar ventar no på rollene som dei skal ha til musikalen i februar. Vi andre berre gledar oss til det som kjem.

IMG 0144 800x600

Nasjonale prøver på 8. og 9. trinn

. i kategorien Nyheiter

Vi skal gjennomføre nasjonale prøver på 8. og 9. trinn etter følgjande plan:

8. trinn

lesing måndag 12. sept

rekning fredag 16. sept

engelsk tysdag 20. sept

9. trinn

lesing: 9A og 9C månd 5. sept og 9B tysd 6. sept  

rekning: 9A onsdag 21. sept, 9B fredag 23. sept og 9C tysdag 20. sept

De finn informasjon om nasjonale prøver HER.

Valfaget sal & scene

. i kategorien Nyheiter

I valfaget sal & scene skal elevane dette skuleåret setje opp ein musikal. Framføringane er torsdag 16. og fredag 17. februar 2017 (dei to siste dagane før vinterferien). Det skal gjennomførast audition torsdag 1. og fredag 2. september. Her kan elevane komme inn ein og ein eller i ei lita gruppe. Audition blir gjennomført på musikkrommet med Hege, Lise og Dan. Lukke til! :-)

Foreldremøte 10.trinn torsdag 1.september

. i kategorien Nyheiter frå 10. trinn

Det blir arrangert foreldremøte for 10. trinn torsdag den 1.september. Der vil vi mellom anna snakke om hospitering ved vidaregåande skule og Sjumilssteget. Alle elevane har fått med seg innkallinga heim, men du finn ho også her.  Vel møtt!

Telttur 9. trinn

. i kategorien Nyheiter frå 9.trinn

9. trinn har vore på telttur til Svartevatnet; ein vellukka tur på alle måtar. Vermeldinga var god, men då dagen kom var det skodde overalt. Vi reiste likevel av garde med buss til Harpefossen. Derifrå tok alle beina fatt inn mot Brekka. Ikkje lenge etter at vi var framme ved Svartevatnet måtte skodda gje tapt for sola og det vart ein nydeleg dag!

Etter at telta var komne opp var det tid for både fisking, bading, konkurransar - og jaging av kyr... Ein blir svoltne av å vere ute og i aktivitet, så det var kort mellom måltida :) 

Utover kvelden blei det grilling, før det vart bålkos med gitar og song i mange variantar. Då klokka bikka midnatt var det ikkje lenge før det vart stilt i telta, sjølv om mange hadde veldig mykje å prate om akkurat då...

Neste morgon vakna vi opp til ein ny, flott dag! Etter rydding og pakking hadde vi tid til ein natursti før vi gjekk nedover mot bussane.

Takk for ein triveleg tur!

Desse blide jentene får representere resten av elevane før fleire bilete kjem i album.

IMG 3624 ny